SIM Sogndal
iOS Universel / Style de vie
Velkomen til SIM-appen!
Som del av SIM får du tilgang til kyrkje-appen vår. Her får du fortløpande informasjon om kvar som skjer, oppdaterte kalendarar, personleg tenesteplan, kontaktkatalog til andre i forsamlinga og anna nyttig info.
Kort sagt; informasjon og komunikasjon du treng - samla på ein stad.
Å komme i gang er enkelt:
Last ned appen, lag deg ein brukar, få godkjenning - så er du i gang.
(Hugs å skru på varslar for å få opp påminning om Gudstenester ol)
Om SIM
Vi er ei livsglad kristen forsamling på 150-200 personar i alle aldrar. Ønsket vårt er å vere eit inkluderande fellesskap for søkande mennesker i Sogndal og området rundt. Ein plass ein kan kome utan å tru så mykje og finne meir ut av eiga tru, og for deg som vil vekse i den trua du allereie har.
Samlingane våre har eit folkeleg utrykk, og vi forsøker å skape ei avslappa og venleg atmosfære det er lett å kjenne seg heime i for både kjente og nye.
Vi søker å vere ei generasjonskyrkje i Sogndal som bryr seg
Vår Visjon er: inkludere - utruste - sende
Les meir om oss på sogndalimf.no