Grenda
iOS Universel / Actualités
Grenda har vore lokalavis for Kvinnherad heilt sidan oppstarten hausten 1951. Vår prioritet er å dekka alle bygdene, både små og store, og skriva om saker vi tykkjer er gode, viktige og artige. I tillegg til å vera tett på nyhendebiletet, ynskjer vi å følgja både næringsliv, politikk, oppvekst, sport og kultur på ein grundig måte. Debatt er også viktig, så lesarbrev har ein naturleg plass i våre spalter. Grenda er ikkje veldig fokusert på «klikk». I staden tenkjer vi at om ei sak berre har ti potensielle lesarar, så kan det likevel vera den viktigaste saka for desse ti denne veka.
Quoi de neuf dans la dernière version ?
Vi har oppdatert appen for å sikre full kompatibilitet med iOS 27.
- Optimalisert for iOS 27: Full støtte for dei nyaste systemfunksjonane og ytingsforbetringar.
- Feilrettingar: Løyst eit problem der appen uventa viste kvit skjerm ved trykking på dei ulike menyvala på iOS 27.
- Yting: Generelle korrigeringar og stabilitetsforbetringar for ei raskare brukaroppleving.